Gunnveig Nerol er biletkunstnar og bur i Hol i Hallingdal.
Ho har utdanning frå Kunstskulen i Kabelvåg, Kunsthøgskulen i Bergen og
frå studier i Japan og Tyskland.
Ho arbeider innanfor fleire teknikkar og finn overgangar mellom dei ulike materialuttrykk.
Hennar biletuttrykk er i seriar der ho utdjupar ein tematikk.
Biletuttrykket kombinerer abstrakt og konkret, og i arbeidet med flaten mot rommet
skapar ho komplekse uttrykk. Nerol inviterer betraktaren inn til å skape sin biletforståelse.
Ho har hatt mange separatutstillingar og delteke på nasjonale utstillingar,
sist ved Nasjonalmuseet sin åpningsutstilling. Har motteke fleire stipender.
Nerol har utført fleire større utsmykkingsoppdrag i ulike glasteknikkar.