Annonser

Her kan du vise din
annonse.
Ta kontakt.

 

 

Geir M. Brungot




Jomfrulandstipendiat 2005

Har fotografert nesten heile livet. Fyrste fotoapparatet kjøpte eg i 8-9 års alderen for 19,75 i den lokale fotobutikken i Sykkylven. Noko særleg fart vart det ikkje før eg kjøpte speilrefleksen til bror min då eg var 12 år. Eit rasande flott apparat, kunne ta bilete med det óg, det må ein kalle bonus.

Fotograferte allt mogeleg, eksprimenterte med allt. Ilag med ein kamerat starta vi opp Sykkylven Kameraklubb i 15 års alderen. Vi gjorde det stort i fotokonkurransa og glei, dei fleste av oss, inn i ei tid med sterkt utstyrsnarkomani. Tilslutt var det at vi tok lappen og kunne køyre allt utstyret rundt som berga fotointeressa. Mine bileter tok etterkvart ei anna retning enn dei andre sine. Vart meir opptatt av kva bilete gav meg av andre assosiasjonar når eg såg på det enn den openberre historia på overflata.

I ein alder av 23 reiste eg på ein workshop med den verdsberømte kunstfotografen Lewis Baltz. Det forandra livet mitt totalt. Då forsto eg meininga med livet, kva eg skulle halde på med resten av livet. 

Dette valget har ført meg inn i mange galleri, opphald i fleire land og også til Jomfruland i september ifjor.

Har søkt dette stipendet fleire gongar og vart særs glad då eg fekk det tildelt. Sjølv er eg oppvaksen på ei Sunnmørs øy ikkje langt frå fugleøya Runde og gledde meg til å kome på ein måte tilbake. Kom nesten rett frå eit 6 månaders opphald i Paris og til Fyrmesterboligen.

Kontrasten er enorm. Frå ein by med million befolkning som pulserar heile tida, til eit opphald der ein treff mange fleire storfe enn folk. Flaks hadde eg med veret også, sola skein kvar dag og gjekk i kortebukse til etter 20 september, det var nesten ikkje regn, fantastisk. Var rundt øya både til fots og med sykkel, frå spiss til spiss på ein dag, følte meg nesten som ein oppdagar der eg gjekk.

Dei lange kveldane vart brukt til å lese, eg må berre rette ei takk til biblioteket, 4500 sider fekk eg pløygd igjennom og ein haug med DVD filmar, eg mangla berre eit breiband tilknytting.

Slik gjekk dagane, fotografere, sete i sola å lese, sykle på butikken eller ta seg ein tur til Kragerø for betre utvalg, ei flaske eller to med vin og eit besøk på biblioteket. Ja rett eit slaraffenliv, og det kan ein trenge av og til. Men desserten kom her som alltid til slutt. Ei eg vart kjend med i Paris kom på besøk, og i desse vakre og romantiske omgivelsane fekk eg meg ein ny kjæreste. Og eg tok også beste bileta der på slutten.

Ja eg er svært fornøgd med opphaldet på Jomfruland, kunne godt tenke meg å vere der ei stund til.



Geir på rullesteinstranda, Jomfruland

Separatutstillingar

2005 ”Paris Landskap”, Galleri Innsikt, Isfjorden

2004 ”Barcelona Manscape”, Kunstbanken Hamar

2003 ”Evig eies kun det tapte” del 3, Arendal Kunstforening

         ”The Rest is  Silence”, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde

         Vesterland, Kaupanger

         ”Stolpe inn-Stolpe ut”, Sunnmøre Museum, Ålesund

2002 Bergen Kunsthall

         Tromsø Kunstforening

          ”Førti, feit, men ikkje ferdig” Jubileumsutstilling i Galleri Elvetun, Sykkylven

2002-2003 ”Evig eies kun det tapte” vandreutstilling i Nord-Norge produsert av Nord  Norsk

         Kunstmuseum ved Ingrid Norum, Tromsø

2001 ”Heimsavn”, Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand

         ”Kjedsomhetens Fotografi”, Stenersen Museet, Oslo

1999 ”….det tapte”,Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde

         ”Konkrete Landskap”,Ta det Piano Gallery, Ålesund

         Galleri Elvetun, Sykkylven

          Studio Galleriet, Sykkylven

         ”God påske-mens vi bombar Jugoslavia” installasjon, skulp, fotog, stein & kjeks, Ålesund

1996 ”Kystlandskap”,Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde

         Festivalutstillar, Ålesund Teaterfestival

         Ørsta Kunstlag

1995 Sykkylven Kommunale Galleri

         Naturhuset på Alby, Galleri F-15 Moss

1994 Robert Fotos Galleri, Bergen

         Galleri Barbara, Fylkeskulturhuset i Sunndal

1991 ”Manscape”,Preus Fotomuseum, Horten

         Naturhuset på Alby, Galleri F-15 Moss

 

"Continous Fire Polar Circle & Manscape"

Lewis Baltz (USA) & Geir M. Brungot

1996 Fotogalleriet, Oslo

1995 Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde

 

"Avreise/Departure"

Stein Koksvik (maleri) & Geir M. Brungot (fotografi)

1999 Vestjysk Kunstforening, Danmark

1997-1998 Turne med Riksutstillinger

          Nord-Trøndelag Fylkesgalleri, Namsos & Nord-Norsk Kunstnersentrum, Svolvær

          Kunstbanken, Ha

mar & Røros Museum

1997 Stenersen Museet, Oslo

         Jazzfestival utstilling, Molde internasjonale jazzfestival

 

”Pol til Pol”

Multimedia prosjekt med film og fotografi av og med Gunnar Knutsen & Geir M Brungot.

2006-2008 POL TIL POL;Vandreutstilling I Den kulturelle skulesekken, Møre og Romsdal

2005 Verdenspremiere film, Cinemateket, Oslo

          Film visning, prosjektgalleriet, Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde

          Kinoframvising , Ålesund Kino

          Film og fotografier, Sunnmøre Museum, Ålesund

 

Kollektive & gruppeutstillingar

2005 Galleri Semmingsen, Oslo

2003 ”Norsk Gullalder”, Norsk Kunstnerisk Fotografi på 1970-80-tallet.

          Norsk Museum for Fotografi- Preus Fotomuseum, Horten.

          ”Min Gud, Min Gud”, Kulturkirka Jakob, Oslo, kurator Erlend Høyersten

          ”Urbane Matriser” Haugar Vestfold Kunstmuseum, kurator Øivind Storm Bjerke

2002 ”All Open”, Hangar-Barcelona, Spania

          Anders Tomren/Geir M. Brungot i No.5, Bergen Kunsthall

2001-2002 "Jordsyn",  vandreutstilling i Telemark(Raymond Mosken & Geir M.                             

           Brungot), kurert av Olav Løkke i samarbeid med Telemark                                                                                     

           Kunstnarsenter, Telemark Fylkesgalleri og Telemark Fylke.

2000 "Fotografia Contemporâna Noruega", Centro Cultural Borges, Argentina.     

2000 Ta det Piano Gallery, Ålesund

1999-00-01-02-03-04-05 Galleri Aalesund

1997-1998 "Sår" , vandreuts. i samarbeid med Kunstnarsenteret i Møre & Romsdal,

           Møre og Romsdal Fylke & Riksutstillinger

1994 "Rapporter", Oslo Rådhus

1993 Møre og Romsdal Fylkesgalleri, Volda

1991 Preus Foto, Trondheim

1990 ”Variasjoner over fotografi”, Oslo Rådhus, Galleri Aalesund & Sørlandets Kunstnersenter.

1989 Preus Fotomuseum, Horten

1988-1989 Fotografisk Vårutstilling, Oslo

 

Representert

Museet for Samtidskunst, Oslo

Museet for Fotokunst, Odense, Danmark

Preus Museum, Horten

Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde

Nord Norsk Kunstmuseum, Tromsø

Vestjyllands Kunstmuseum, Tistrup, Danmark

Norsk Kulturråd

Olav Løkkes samling av norsk samtidsfotografi, Porsgrunn

Sykkylven Kommune

 

Utsmykkingsoppdrag

1999 Nytt Apotek, Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal

         Skulptur/Installasjon i betong, flis, stein og eit tre.

1999 Ny Patologi, Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal

         Fotografi

 

Stipend

2005 Jomfruland Stipendet

2003 Ingrid Lindbäck Langaard Stiftelse, stipend og opphald Citê, Paris

2003 Publikasjons stipend, Norsk Kultur Fond

2002 Vederlagsfondet, prosjektstøtte

2001 & 1996 Statens Reise/Studie stipend

2004,2003,2000,1995 Prosjektstipend, Norsk Kulturfond

2005,2004, 2002, 2001, 98, 97 & 95 Utstillingsstipend, Norsk Kulturråd

1991 Debutstipend, Norsk Kulturråd

2003,1999, 97, 95, 93 & 90 Norsk Fotografisk Fond

 

Arbeids og studieopphald

2005 Jomfruland

2004-2005 Cité International des Arts, Paris

2002 Hangar, Centre de Producció dÁrts Visual I Multimédia, Barcelona.

 

Utstillingar og prosjekt framover

2006 Separatutstilling Kragerø Kunstforening

2006 Kunstbanken, Hamar, prosjekt ilag med Jonas Liverød.

2006 Separatutstilling, Vestfossen Kunstlaboratorium

2006 Separatutstilling, Trondheim Kunstmuseum

2007 Separatutstilling Kunstmuseet Kube, Ålesund

2007 Separatutstilling Galleri Semmingsen, Oslo

2007 Separatutstilling, The Museum of Photography, Seoul, Sør-Korea


 


 

Linker til omtale om Geir M Brungot

Kragerøavisa    Troms kulturnett     Pluto    Kunst Kulturnett

Generell informasjon

Postadresse
Kragerø Kunstforening
Postboks 231
3791 Kragerø

E-post